logo de nje

Norvega Junularo Esperantista
Norsk esperantoungdom

 

Kommentarar til vedtektene 2009

Norsk | Esperanto

Styret i NJE vedtok 8. mai 2009 å foreslå følgjande vedtektsendringar:

Navn
Gjennomgåandre endra «Norsk esperanto-ungdom» til «Norsk esperantoungdom»

I § 9 Landsmøte
endra «vara for ettersynsmann» til «vararevisor»

§ 12 Vedtektsendringar
legg til «Styret skal senda endringsframlegg til medlemmene saman med innkallinga til landsmøtet.»

§ 5 Medlemskap og innmelding
fjern teksta «Av praktiske og arbeidsmessige grunnar kan ordinære medlemmer slutte seg saman i lokale klubbar. Desse klubbane bør sende inn halvårsrapportar til Norsk esperanto-ungdom over verksemda si.»

og oppretta ny vedtekt rett etter § 5:

Ny vedtekt: § 6 Lokallag
Ordinære medlemmer kan slutte seg saman i lokallag. Nye lag skal godkjennast av styret i Norsk esperanto-ungdom. Desse laga bør sende inn halvårsrapportar til Norsk esperanto-ungdom over verksemda si. Etter avtale kan Norsk esperanto-ungdom betale driftsstøtte til lokallaget etter medlemstal, slik at medlemmene ikkje treng å melda seg inn i båe organisasjonar.
Blir eit lokallag oppløyst, går eiga til Norsk esperanto-ungdom. Blir det oppretta eit nytt lokallag på staden innan 5 år, kan styret gi eiga frå førre lag med renter attende til laget.

(Noverande §§ 6-14 vert forskuven til §§ 7-15)

På denne bakgrunnen, og med berre små tekstjusteringar vart endringane vedtekne på landsmøtet 13. juni 2009.





Bli medlem! Membriĝu!

Norsk esperanto-ungdom, Olaf Schous v. 18, 0572 Oslo, tel.: 22 35 08 94, [nje @ esperanto.no]

Webansvarlig: JPA (abjupa @ gmail.com)