logo de nje

Norvega Junularo Esperantista
Norsk esperantoungdom

 

Kommentarar til vedtektene 2001

Norsk | Esperanto

Styret i NJE vedtok 4. april 2001:

6. Eventuelt
Vedtektsendring:
Det foreslås at nynorskteksten skal være den grunnleggende og at den skal legges til grunn i tolkningsspørsmål. Det ble vedtatt at dette forslaget legges frem på landsmøtet.

Vedtaket vart gjort på bakgrunn av at dette konkrete framlegget med grunngjeving vart presentert for styret:

NJE-styret gjer framlegg om at denne ordlyden i § 14 i vedtektene:
Nynorskteksten og bokmålsteksten er likeverdige, og dei er dei grunnleggjande. I tolkingsspørsmål skal ein sjå nynorskteksten og bokmålsteksten i samanheng.

vert endra slik:
Nynorskteksten er den grunnleggjande, og skal leggjast til grunn i tolkingsspørsmål.

Grunngjeving: Vedtektene vart reviderte og til dels nyskrivne i 1999. Alt det arbeidet skjedde på nynorsk, og det tilgjengelege grunnlagsmaterialet (dei gamle vedtektene som vart brukte som mal og utgangspunkt) var òg på nynorsk. Bokmålsversjonen av vedtektene er såleis berre ei omsetjing frå nynorsk. Formuleringane på bokmål var aldri noko tema i arbeidet med vedtektene, og heller ikkje då dei nye vedtektene vart vedtekne av landsmøtet i 1999. Ved omsetjing kan ein alltid risikera at noko vert unøyaktig formulert i den nye språkversjonen i høve til den opphavlege, og då vil det ikkje vera rimeleg å leggja ein omsett versjon til grunn i tolkingsspørsmål. Jamfør at det aldri har vore aktuelt å leggja esperantoversjonen av vedtektene til grunn, og at det er bokmålsversjonen av vedtektene for NEL som er den grunnleggjande der.

På denne bakgrunnen vart endringa vedteken av landsmøtet 9. juni 2001.





Bli medlem! Membriĝu!

Norsk esperanto-ungdom, Olaf Schous v. 18, 0572 Oslo, tel.: 22 35 08 94, [nje @ esperanto.no]

Webansvarlig: JPA (abjupa @ gmail.com)