logo de nje

Norvega Junularo Esperantista
Norsk esperantoungdom

 

Nyheter

Norsk | Esperanto
juni 15, 2009

NJE etableringsmedlem av LNU


På Barne- og ungdomstinget til LNU vart NJE tekne opp som etableringsmedlem fredag 24. april.
Kategori: no
Postet av: admin

LNU (Landsorgansiasjonen for norske ungdomsorganisasjoner) er eit samarbeidsorgan for barne- og ungdomsorganisasjonar i Noreg. Dei er både eit interesseorgan for organisasjonane (jobbar mot staten), eit
kompetansesenter på barn og ungdom (hjelper oss), og eit forvaltingsorgan som deler ut stønad til medlemsorganisasjonane (gjev oss pengar).

På årets Barne- og ungdomsting, fredag 24. april, vart vi tekne opp som etableringsmedlem. Dette hende samrøystes – alle 49 organisasjonar som møtte vil ynskja oss velkomne. Mellom dei var såpass ulike lag som Det Kurdiske Ungdomsforbund i Norge, Frelsesarmeens Barn og Unge og Den Norske Turistforenings Ungdom. Så neste gong du møter ein av dei, kan du takka dei for hjelpa!

Etableringsmedlemskap er for små organisajonar i ein overgangsperiode føre dei kan verta fulle medlemer. NJE kan ikkje verta fullt medlem enno fordi vi har færre enn 300 medlemer og aktivitet i færre enn 4 fylke, og vi deler
medlemsregister med Norsk esperantoforbund. Når vi oppfyller desse måla ein gong i framtida kan vi søkja om fullt medlemskap.

Her og no tyder det at vi får kurs og annan hjelp frå LNU til organisasjonsdrift, lokallaga kan søkja pengar frå Frifondet, og vi får møta på Barne- og ungdomstinget (utan røysterett).

Leif Arne



31. august–2. september skal vi tilbake til hytta vi besøkte i 2008, midt i Vålerskogen. Du kan lese om den turen i Inter ni dirite. Meld deg på til nje @ esperanto.no!
Nordlystreffet i Tromsø trakk ungdommer fra 7 nasjoner til ei trivelig og livlig helg, med masse snø og nordlys. Les mer om treffet (på esperanto) og se bilder i Inter ni dirite.

Ungdomar frå Finnland, Sverige, Danmark, Noreg, Island og Estland samlast på eit småbruk ved Helsinki. Les om treffet i Inter ni dirite.



Bli medlem! Membriĝu!
Facebook

Norsk esperanto-ungdom, Olaf Schous v. 18, 0572 Oslo, tel.: 22 35 08 94, [nje @ esperanto.no] | Personvern

Webansvarlig: JPA (abjupa @ gmail.com)