logo de nje

Norvega Junularo Esperantista
Norsk esperantoungdom

 

Inter ni dirite 3/2010

Norsk |

N-ro 3/2010
22a jaro (2a periodo)
Redaktis Leif Arne Storset
Muntis Judith P. Abrahamsen

I dette nummeret
I dette nummeret kan du lesa om den flotte «Kvitsymresamlinga»
i Sverige i mai. Eg ttrivdest veldig i Sverige, og langt
unna var det ikkje. Neste svenske­samling er til hausten,
og det er ting som hender i Ungarn òg.

Leif Arne,
redaktør



Anemona renkontiĝo

Det svenske ungdomsforbundet SEJU skipar kvart år til to samlingar, Oranĝa og Anemona renkontiĝo. Hausttreffet Oranĝa (Apelsinträffen) har rukkje å verta tradisjon, og Einar Faanes frå NJE har delteke to gonger, og skreiv om det i Inter ni dirite nr. 5/2007 og 4/2009. Anemona (Vitsippeträffen, på norsk heiter blomen hvitveis eller kvitsymre) er derimot ein ganske ny tradisjon, det hende fyrste gongen i fjor. Og kvitsymra blømde verkeleg i engene på Lesjöfors.

Som Einar skreiv i fjor har kvart esperantoarrangement sin karakter. Stemninga her var avslappa og programmet var laust. Det einaste som stod der var konkurranse i LEGO-spelet «Druido» (og det er eg ikkje sikker på om faktisk hende) og årsmøtet i SEJU. Sistnemnde var fort unnagjort på 12 minutt, men dei slo ikkje rekorden på 10 minutt frå i fjor. Svenska esperantoförbundet hadde årsmøte òg, og stemne, og det trekte til seg folk frå fjernt utland og nært omland.

Når det er lite program er det desto meir tid til gøy, eller «umado» som det heiter no til dags. Fele og gitar høyrer med, matlaging og vandring både under ljos og nymåne. Eit framifrå avbrekk med trivelege og spanande menneske frå mange kantar av Europa.

 

 

 

Kio okazos?

Det er kanskje litt seint å planleggja turen til IJK i Cuba. Men staden for IJK neste år er alt klår: Det vert i Kiev i Ukraina i midt i juli 2011. Les meir på www.tejo.org/ijk

Om du vil reisa ut i sumar er det enno mogleg å planleggja tur til Ungarn og Internacia junulara semajno den 3.-9. august. Les meir på www.ijs.hu/?q=eo

 


© Øverli. distr. strandoverli@yahoo.com ––  La Pondusarĥivo

N-ro 22

— Fino de Inter Ni Dirite



INTER NI DIRITE
– nettutgaven/la reta versio

2017

2016

2015

2014

2013

2012

2011

2010

2009

2008

2007

2006

2005

2004

Norsk esperanto-ungdom, Olaf Schous v. 18, 0572 Oslo, tel.: 22 35 08 94, [nje @ esperanto.no]

Webansvarlig: JPA (abjupa @ gmail.com)